Gjennom dei siste 15 åra har "Drøset" vore fast innslag i Bygdebladet for Randaberg, Rennesøy og Kvitsøy. Stykka inneheld tema om det meste som skjer med og rundt oss. Inspirasjonskjeldene har vore litt av kvart, som vanlege folk og dyr, men òg politikarar og kulturelle. Målgruppa er dei fleste, men ein bør nok ikkje forstå alle drøsa heilt bokstavleg, sjølv om det er lov. Som vedkomande som ein gong kom bort til underteikna og sa: "Fantastisk bra det du skreiv sist! Godt at det finst nokon som verkeleg tør å seia sanninga!" Eg takka for fine ord - problemet var bare at innhaldet laut lesast med motsett forteikn. Ironi er ikkje bare enkelt. Kanskje har du ikkje høyrt namnet til forfattaren før, men spør som guten som las i Bygdebladet og spurde mora: "Kem e han Drøset?" Du kjenner han gjerne litt betre når du har lese boka. Knut Straumstøyl er født i Vinje i Telemark i 1941. Han kom til Randaberg som lærar i 1968 og var tilsett ved Randaberg ungdomsskole ein god del år. I 1975 fekk han spørsmål om å gje nytt liv til det tidlegare Randaberg Bygdeblad - som kommunalt informasjonsblad. Det skulle koma ut ein gong i månaden. Dettevart starten på ein lengre periode som lokal journalist - med referat,kommentarar, drøs og teikningar. Straumstøyl har dessutan fram til dato skrive mellom anna prologar, kåseri og songar i ulike samanhengar. Han har òg vore med i diverse lag, nemnder og råd. Straumstøyl fekk i 1982 Randaberg kommunes kulturpris - dessutan Pensjonistprisen for 2012. Han er gift og har fire born og ni barneborn.